Engel Winge
Heilt sidan eg kom på at eg skulle skriva bøker, har Engel spøkt i bakhovudet mitt. No er ho her med full kraft. Frekk, uredd, smart og dumdristig. Eg håpar du vil trivast like godt i hennar selskap som det eg gjer.
Englejakt
Englejakt er den spennande oppfølgjaren til Englefjes.
– Er det ein pistol eg kjenner i nakken? spør eg.
– Ja, seier han, og eg høyrer eit klikk. Og no er det ein usikra pistol du har i nakken.
Forfattaren les frå boka (12:45)
Les meir om «Englejakt»
Englefjes
Første boka i den råe trilogien om journalistspira og bråkmakaren Engel Winge!
- Du di journalistfitte, freser han i øyret mitt.
Så rykker han meg opp frå underlaget, slenger meg over skuldra og ber meg ned til brønnen, der han slenger meg frå seg som om eg var ei fille.


