Ingelin Røssland

Ingelin Røssland
Født: 19. februar 1976
Stjerneteikn: Vannmann eller Fisk, teikna var litt på vippen den dagen
Favorittfarge: raud
Favorittmat: sushi
Det første eg kan hugsa er tapeten på soverommet som hadde brunt og sennepsgult mønster. Det andre minnet er teppe på stovegolvet som var i raudt og svart. Eg kan huska at eg synest teppet var fint og eg brukte nok mykje tid på å glo på det i mitt første leveår. I dag kjøper eg helst klede i fargane raudt og svart, så eg blei nok prega av det teppet.
Då eg var nesten tre år, flytta eg saman med familien min (mor, far og bror) til ein gard. Eg fekk ein katt som hadde namnet Fia, og besteforeldra mine som budde like ved hadde ein hund som heitte Pelle. Vi var eit godt team vi tre. På garden hadde vi også sauer, kyr og ei gammal tante som eg beundra og hang i skjørta på. Trur eg til tider var masete, for midt på dagen måtte ho sova middag. Då måtte eg fint venta til ho vakna igjen. Nokre gonger lurte eg meg inn i stova og såg på henne når ho sov.
To dagar i veka gjekk eg i barnehagen, og eg likte meg så godt at eg skulle ønskja eg kunne vera der kvar dag. Det einaste eg var litt misnøgd med, var at mamma jobba der. Dei andre barna var jo så heldige at dei hadde fri frå foreldra sine desse timane i barnehagen.
Sju år gamal begynte eg på skolen. Eg hadde gul ransel, fordi eg ikkje ville ha raud sånn som alle dei andre jentene. Alle dei andre jentene var ei jente. Vi var fire stykke i klassen. Eg var eldst, noko eg brukte for alt det var verd. Alt på barneskolen likte eg å fortelja historier, gjerne skumle og gjerne sånn at klassekameratane mine blei redde og begynte å grina.
Så snart eg kunne lesa, begynte eg å lesa bøker og elles alt eg kom over.
Men eg hadde også venner eg likte å vera med. Eg voks opp i ei lita bygd der alle leikte saman, vi hadde ein fin barndom og var masse ute. Om hausten stal vi eple, plommer, pærer. Det høyrte med. Vi stal ikkje så mykje, men fekk ofte mageknip.
I 1987 endra livet mitt seg totalt. Eg såg videoen til It`s a sin med Pet Shop Boys. Eg blei ein trufast fan. Pet Shop Boys sin musikk gir meg "Depth through surface", noko som er ein grunnregel for alt eg skaper. Alvor pakka inn i lett fjas.
Ungdomstida var mopedar og sånne greier. Om hausten stal vi framleis frukt. Vi hadde lært oss å venta til frukta var moden og fekk mindre vondt i magen. Om somrane brente vi bål i fjæra, grilla og var ute på sjøen. Vi fekk interesse for alkohol og røyk. kjærasteri også, så klart. Men det var ikkje så mange av oss som hadde kjærastar. Vi var kanskje litt trege? Særlig eg.
Seksten år gamal flytta eg på hybel. Det gav ein viss status i høve til dei andre som barnslig nok budde med foreldra sine. Det var fint å vera sjølvstendig, eg var ansvarlig i matvegen og kokte alltid poteter til middag. Berre ein gong i veka skeia eg og venninna mi ut med Grandiosa. På hybelen brente eg aldri lys, fordi eg hadde lært heime at det ville få huset til å brenna ned. Eg åt aldri appelsin for eg hadde lært at dei kunne eg setta i halsen og kvelast av. Trur eg hadde ei bekymra mor. Men ho hadde ikkje sagt noko om røyk, så eg prøvde å begynna å røyka. Det var mislukka og eg blei alltid dårlig og klarte aldri å bli ein røykar. Eg kom aldri for seint på skolen og eg skulka aldri, sjølv om eg nokon gonger var veldig utrangla.
Om helgane drog vi heim til øya vi kom frå for å kjeda livet av oss.
Etter gymnaset fekk eg heilt tilfeldig sommarjobb i lokalavisa, og eg skjøna at journalistikk var noko for meg. Har seinare jobba i fleire lokalaviser, utdanna meg til journalist og jobba i NRK. Det har vore strålande kjekt alt saman. Men heile tida har eg også skrive noveller, bøker og skodespel. Spelt revy og teater. Skaffa meg ei teaterutdanning har eg også gjort. Reist verda rundt og møtt folk. Og same kor langt eg har reist har eg alltid kjent meg heime og alltid funne venner. Ofte er det sånn at vennene har funne meg, for eg er litt sjenert. Ein av mine favorittbyar er Buenos Aires i Argentina og der bur og jobbar eg kvar vinter.
Det var i Buenos Aires eg sat og skreiv om Engel som bur på eit Tysnes som liknar det Tysnes eg sjølv vaks opp på.
Utgjevingar på Det Norske Samlaget:
2009: Englejakt
2009: Kunsten å inhalera/Flyt (samlepocket, med ny usensurert slutt på Flyt!)
2008: Englefjes
2007: Monstertanta
2006: Handgranateple
2002: Flyt
2001: Kunsten å inhalera
1998: Viss du vil
http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1617
Prisar:
Sunnmørsprisen 2006
Guro Sandsdalens litteraturpris 2007
Sigmund Skard-stipendet 2007
Uprisen 2007
Ibby Honour List 2008
Heimeside:
www.ingelin.no
Finn ut meir om forfattaren andre stader på nett:
Les om Ingelin Røssland i ungdomens forfatterleksikon
txt.no/index.php?option=com_content&task=view&id=690&Itemid=537
Dette har forfattaren sagt om ungdomslitteratur:
www.nbuforfattere.no/pub/nbu/front/?aid=809#nbu
Dette har forfattaren skrive om si favorittbok "Ingen drittunge lenger" av Rune Belsvik.
www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Barnebokminne&rop=showcontent&id=91