Karakterane

Engel Winge

Engel Winge

Stjerneteikn: Vannmann
Favorittfarge: raud
Favorittmat: sterkt krydra Tex-Mex
 

Engel bur saman med bestemor si, Jenny Winge, på ein gard på Tysnes. Mor til Engel, Unn, budde også på garden fram til ho dødde våren 2007. Etter at mora dødde, har Engel blitt enno meir rastlaus enn før, og ho må alltid ha eit eller anna på gang. Det at ho drikk store mengder kaffi og snusar, er ikkje noko som hjelper på å roa henne ned. Gjennom sommarjobben i bladet Tysnes, får Engel utløp for mykje av energien sin. Ho seier ja til alle oppdrag og jobbar ofte til seint på kveld. Viss Engel kjem på sporet av ei god sak, er ho ikkje til å stoppa og brukar ikkje alltid like sympatiske metodar for å få folk i tale. Sjølv om Engel kan verka tøff i trynet og frekk i kjeften, så er ho utstyrt med rettferdssans og mot til å kjempa for dei som er offer for urett. Ho kan til tider bli overentusiastisk og tenker lite på kva slags konsekvensar handlingane hennar får for henne sjølv og andre.

Namnet Engel:  Av norrøn angel=fiskekrok, eller av gresk angelos = engel, det er også eit mannsnamn.
 

Alf Kattenes

Alf Kattenes

Stjerneteikn: Løve
Favorittfarge: blå
Favorittmat: biff og fløytegratinerte poteter


Alf jobbar som annonseseljar og sekretær i bladet Tysnes. Alf er ein svært sosial fyr, og han har full oversikt over alt som skjer på øya, særlig når det gjeld kven som har forhold til kven. Sjølv om Alf både tenker på og pratar mykje om sex, så blir det ikkje så mykje action for hans eigen del. Han er ungkar, men har framleis trua på kjærleiken, og at han er uimotståelig for kvinner. Av ein eller annan grunn er kvinnene Alf rotar seg borti som regel gifte. Sjølv om Alf ved første møte kan verka som ein lausmunna og upålitelig type, så veit han når han skal halda tett. Han er også svært lojal mot vennene sine, og ein fyr dei fleste synest godt om.
 

Ole Grøndal

Ole Grøndal

Stjerneteikn: Skytte
Favorittfarge: blå
Favorittmat: trøndersodd


Ole Grøndal er oppvaksen på Byåsen i Trondheim. Han er under utdanning ved politihøgskolen, og har sommarjobb ved lensmannskontoret på Tysnes. For Ole har det aldri vore noko problem å skilja mellom rett og gale og alltid gjera det rette sjølv. Alt i barnehagen stilte han seg på den svakaste sitt parti og godtok aldri mobbing. Sjølv om mange av klassekameratane hans vil hugsa han som utrulig prektig og flink, var det aldri nokon som prøvde å mobba han. Med sine godt over 190 centimeter og rolige men bestemte vesen, er det i regelen nok at Ole viser seg for at folk roar seg ned. 
 

Jenny Winge

Jenny Winge

Stjerneteikn: Tvilling
Favorittfarge: lilla
Favorittmat: fersk fisk og økologisk mat
 

Jenny Winge er Engels bestemor. Ho var tenåring midt i hippietida, og har halde seg trufast til sine ungdomsideal, spesielt når det kjem til fri kjærleik. I 70-åra kjøpte ho ein gard på Tysnes, der ho slo seg ned saman med dottera Unn for å driva økologisk landbruk og for å koma i kontakt med naturen og urkreftene. Ved sida av garden, som på mange måtar er eit tapsprosjekt, held Jenny diverse sjølvrealiseringkurs og seminar. Ho har ein liten keramikkverkstad i det gamle eldhuset på garden. Jenny er full av idear og initiativ, men manglar dei praktiske eigenskapane til å gjennomføra prosjekta sine. Jenny er ei svært tiltrekkande og oppsiktsvekkande dame, noko som gjer at ho ikkje har problem med å få ymse menn til å hjelpa seg med alt det praktiske på garden. Spesielt naboen, Lars, stiller opp når Jenny treng hjelp. 

 

Marco Solfors

Marco Solfors

Stjerneteikn: Tvilling
Favorittfarge: blå
Favorittmat: Det dei andre et, dvs den som han synest er kulast og vil likna på for tida.

Marco har dei siste åra budd i Berlin, sidan far hans jobbar ved den svenske ambassaden der. Han er kontaktsøkande men likevel ganske einsam. Marco kjenner det som om det er ingen som verkeleg likar han, derfor gjer han mange sprell for at andre skal synast at han er bra, men stort sett fører det han ut i trøbbel og meir einsemd. Marco kan prata med litt for store bokstavar, røpa ting han ikkje burde og har ein tendens til å drikka til alle flaskene er tomme. I Engel ser han ei jente som kan lika han for den han er. Han treng Engel i livet sitt.

Patrick Oppdal

Patrick Oppdal

Stjerneteikn: Fisk
Favorittfarge: grøn
Favorittmat: karbonadesmørbrød

Patrick har aldri vore den kulaste fyren i klassen eller på jobb, noko han er klar over og lir under. Sjølv om han er sterk i si gudstru, synest han det kan vera vanskelig å vera ein god kristen. Han spør ofte Gud om kvifor livet ikkje kunne vore enklare. Patrick likar å vera journalist så lenge han kan skriva koselige saker, men han er den første til å trekka seg unna når han luktar konflikt. Han likar seg dårlig dei sommarmånadane han fungerer som redaktør i bladet Tysnes. Han føler ikkje han meistrar situasjonen særlig godt.

Irene Nymark

Irene Nymark

Stjerneteikn: Løve
Favorittfarge: rosa
Favorittmat: Pizza

Partyjenta, Irene, er Engel si venninne. Irene er ikkje den skarpaste kniven i skuffa, men ho kjem seg stort sett fram i livet likevel. Sidan ho er snill men litt dum, er det mange sleipe fyrar som utnyttar henne. Likevel er Irene optimist, og ho er sjeldan deppa særlig lenge før ho har nye romansar og prosjekt på gang.

Martin Haug

Martin Haug

Stjerneteikn: Steinbukk
Favorittfarge: grå
Favorittmat: kvit fisk, gjerne servert med ein god Chablis

Martin er far til Engel. Han jobbar ved den norske ambassaden i Berlin som ambassaderåd (økonomi). Etter at han skilde seg frå mor til Engel, har han ikkje vore særlig tilstades i dottera sitt liv. Han går med ei konstant skuldkjensle for dette, noko Engel veit å utnytta. Martin har vanskelig for å visa kjensler og det endar ofte med at han gir dyre gåver, framfor å gi ein klem eller seia at han er glad i familien sin. Martin synest det er vanskelig å vera far.

Lars Vaage

Lars Vaage

Stjerneteikn: Jomfru
Favorittfarge: Tenker ikkje så mykje på sånt, men synest Jennys raude hår er vakkert
Favorittmat: spekesild og poteter med kålrabistappe og løk


Lars er ungkar og naboen til Jenny og Engel. Det var onkelen hans som selde garden til Jenny. Sjølv har Lars eit lite småbruk med mykje skog. Lars liker å vera i skogen og hogga ved. Når han ikkje er i skogen, hjelper han Jenny på garden, eller er på sjøen og fiskar. Han nyt å gi det beste av fangsten til Jenny, fordi ho blir så glad, og som regel ber ho han inn på kjøkenet for å drikka te, som han synest smaker rart.
 

Robert Nes

Robert Nes

Stjerneteikn: Tyr
Favorittfarge: svart
Favorittmat: svigermors kjøttkaker og ertestuing med heimelaga karamellpudding til dessert


Robert er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. I studietida var han den litt stille typen som gjekk tidlig heim frå fest, i den grad han blei invitert. Han var han aldri i nærleiken av å vera utru mot kjærasten sin, Astrid, som han møtte alt på gymnaset. Etter eit halvt år i avisa BA i Bergen, fekk han ikkje forlengt vikariatet sitt. Han vendte tilbake til heimstaden, Tysnes, der han først jobba som journalist i bladet Tysnes i fem år, før redaktøren gjekk av med pensjon og Robert overtok. Robert held fast på versjonen om at det var hans eige val å slutta i BA, og at han begynte å jobba i Tysnes ut frå idealisme. Den påståtte idealismen har etter kvart gått over i ein snillisme, og Robert er livredd for å skriva om saker som kan vera kontroversielle.
 

Georg Thomsen ”Tomtegorgen”

Georg Thomsen ”Tomtegorgen”

Stjerneteikn: Steinbukk
Favorittfarge: kvit
Favorittmat: biff med poteter og ein god raudvinssaus. Gjerne med ei kald pils til.

Han er ein fyr som kunne selt sand i Sahara, og han har ei eiga evne til å vera langt borte når kjøparane oppdagar at det faktisk er sand dei har kjøpt. Tomtegorgen har hatt nokre månader i fengsel for svindel, men dette la han ganske fort bak seg, og hans siste investering er at han har kjøpt og pussa opp Godøysund Fjordhotell og gjort det om til eit spa- og konferansesenter. Finansieringa er som vanlig vaklande, og Tomtegorgen er stadig på jakt etter frisk kapital. 

 

© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv