Nyhetsarkiv

Lett å juksa når ein skriv for barn og unge 27.02-10

Artikkelen i Dagbladet si papirutgåve 27.02.10.

- Det er lettere å skrive en dårlig barnebok enn en dårlig voksenbok, seier leiar for Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Sverre Henmo, i ein artikkel i Dagbladet 27.02.10

Bokåret 2009 26.01-10

Engel Winge, utsnitt frå bokomslaget til Engleslakt som kjem hausten 2010

2009 ligg bak oss, eit mangfald av bøker i alle sjangrar kom ut. Kanskje gjekk du glipp av ei god leseoppleving? Viss du mistenker at dette er tilfelle, så kan du sjekka ut denne oppsummeringa av bokåret som ligg bak oss.

Godkjent Eventyrbok 27.10-09

Eventyrboka frå Skald forlag meldt i BT.

Eventyrboka frå forlaget Skald er meldt i BT. Eit av eventyra som utmerkar seg i positiv lei, er Torneprinsen av Ingelin Røssland.

Nye eventyr! 15.10-09

(Den store nynorske) Eventyrboka er her. Kanskje ein julegåveide?

Det er haust og tida er inne for å setja seg i godstolen med ei bok. Kva med eit eventyr eller to? Eventyrboka frå Skald forlag er ute. Boka har fått fin omtale i Dagbladet.

Haust er tid for turné 14.10-09

Gøy på turne i Troms

Hausten er ei travel men kjekk tid, ikkje minst fordi ein reiser mykje på turne. Denne hausten er eg på turné i seks veker frå oktober og ut i november. Sist veke var eg i Nord-Troms saman med den svenske forfattaren Gunnar Ardelius.

Utstilling på nett! 09.09-09

Bli kjent med spanande romankarakterar og få boktips!

I dag blir nettutstillinga "Fortellinger om henne" lansert. Bli kjent med nokon av dei mest spanande romanfigurane frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Det er også gode boktips å finna på nettsidene.

Litterær kraft i Aurland 02.07-09

Deltakarane (+ lærar, Ingelin og bakmann Petter) under littkrit TOTUSEN&9

30.juni til 3. juli er littkrit TOTUSEN&9 i Aurland. Følg dei ti ungdommane og deira tekstarbeid på nett.

(Nesten) alt om Ingelin Røssland 24.05-09

Illustrasjonsbilde

Er du ein av dei som må skriva oppgåve om ein eller annan forfattar på skulen? Då kan det vera smart å sjekka ut Biblioteksentralen sine forfattarhefte. No er hefte om Ingelin Røssland å få tak i.

EN INNERTIER AV EN SPENNINGSROMAN 29.04-09

Rosande ord på Barnebokkritikk! "Spenningen er utsøkt, men det er like mye den overbevisende språkkunsten og den følelsesmessige nerven som gjør romanen til en page turner.", skriv Heidi Sævareid på Barnebokkritikk.

Psykt forfatterbesøk! 28.04-09

Frå Østlendingen 25.04.09

For tida er Ingelin Røssland og Andreas Holt på turné i Hedmark og Sør Trøndelag med framsyninga Psykt Psprengt. Avisa Østlendingen var innom framsyninga for elevar ved Tynset ungdomsskole fredag 24. april.

© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv