(Nesten) alt om Ingelin Røssland

Er du ein av dei som må skriva oppgåve om ein eller annan forfattar på skulen? Då kan det vera smart å sjekka ut Biblioteksentralen sine forfattarhefte. No er hefte om Ingelin Røssland å få tak i.
Viss du skal skriva oppgåve om ein forfattar, kan det vera lurt å sjekka litt rundt på nett før du knallar i veg ein e-post til forfattaren med spørsmåla dine. Kanskje det du lurer på er å finna på Wikipedia, forfattaren si heimeside eller med eit kjapt søk i Google? Viss du veit litt om forfattaren på førehand så vil spørsmåla dine automatisk bli smartare, forfattaren vil bli smigra og kan sleppa ut av seg meir "jucy" informasjon. Ein god start er Biblioteksentralen sine forfattarhefte. Denne våren kom det ut eit hefte om Ingelin Røssland. Der kan du lesa ein lang artikkel som tek føre seg heile forfattarskapet og kopiar av bokmeldingar og intervju som er gjort med forfattaren. Sjekk ut korleis du kan få tak i forfattarheftet.
24.05-09