Litterær kraft i Aurland

Deltakarane (+ lærar, Ingelin og bakmann Petter) under littkrit TOTUSEN&9
Deltakarane (+ lærar, Ingelin og bakmann Petter) under littkrit TOTUSEN&9

30.juni til 3. juli er littkrit TOTUSEN&9 i Aurland. Følg dei ti ungdommane og deira tekstarbeid på nett.

30. juni til 3. juli er 10 ungdommar samla i Aurland i kraft av sitt talent og brennande lyst til å skriva.

Oppgåva ungdomane har fått under kurset, er kjærleik.

Her er to tekstutdrag:

-Hva er viktig for deg Stella, hva betyr mye for deg?

Stella skal til å svare noe om gleden ved å finne gamle ting på loftet, eller følelsen av å drikke vin på en parisisk kafé når det begynner. Sakte, som en skjelving i lillefingrene, og med det første forveksler hun den med et overdrevent inntak av kaffe. Etterhver som det kryper langsmed armende som en parade av saksedyr, pakker inn hjertet hennes og legger seg i porene på huden med et klebende uhørlig surk, forsåt hun at hun sitter der lammet av angst.

Av: Aurora Hegre

Andletet er raudt av sinne, armane dirrar. Eg ser for meg eit slag i nasen. Ser for meg korleis knyttneven hans borer seg inn i andletet mitt i sakte film. Blodet sprutar, nasen er heilt vrengd. Men noko slag kjem ikkje. I staden snur han seg, tek tak i senga, og ruller draumejenta mi ut av rom 323. Før døra lukkar seg, ser eg djupt inn i eit par brune forvirra auge. Etter kvart finn auga mine auge. Dei roar seg ned. I ein augneblink frys verda.

Av: Bård Drange


Fleire tekstutdrag og stemningsraportar frå littkrit TOTUSEN&9 finn du på bloggen!

02.07-09

© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv