Bokåret 2009

Engel Winge, utsnitt frå bokomslaget til Engleslakt som kjem hausten 2010
Engel Winge, utsnitt frå bokomslaget til Engleslakt som kjem hausten 2010

2009 ligg bak oss, eit mangfald av bøker i alle sjangrar kom ut. Kanskje gjekk du glipp av ei god leseoppleving? Viss du mistenker at dette er tilfelle, så kan du sjekka ut denne oppsummeringa av bokåret som ligg bak oss.

Vi er enno berre i januar og lite veit vi om kva bøker som vil begeistra eller skuffa oss i 2010. Men kanskje var det godbitar frå i fjor som ligg og ventar på oss? Perler som ikkje fekk den fortente merksemd, og som derfor kanskje ikkje nådde fram til sin rette lesar?

Les "Noko for alle".

Ein ting som er sikkert er at den siste boka i trilogien om Engel Winge, Engleslakt, kjem til hausten. Boka er under arbeid. Engel er ein krevjande figur å skriva om, det kostar nattesøvn og sveitte. Sjølvkritikken er hard og tvilen er alltid tilstades.

26.01-10

© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv