Nyhetsarkiv

Utstilling på nett! 09.09-09

Bli kjent med spanande romankarakterar og få boktips!

I dag blir nettutstillinga "Fortellinger om henne" lansert. Bli kjent med nokon av dei mest spanande romanfigurane frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Det er også gode boktips å finna på nettsidene.

Litterær kraft i Aurland 02.07-09

Deltakarane (+ lærar, Ingelin og bakmann Petter) under littkrit TOTUSEN&9

30.juni til 3. juli er littkrit TOTUSEN&9 i Aurland. Følg dei ti ungdommane og deira tekstarbeid på nett.

(Nesten) alt om Ingelin Røssland 24.05-09

Illustrasjonsbilde

Er du ein av dei som må skriva oppgåve om ein eller annan forfattar på skulen? Då kan det vera smart å sjekka ut Biblioteksentralen sine forfattarhefte. No er hefte om Ingelin Røssland å få tak i.

EN INNERTIER AV EN SPENNINGSROMAN 29.04-09

Rosande ord på Barnebokkritikk! "Spenningen er utsøkt, men det er like mye den overbevisende språkkunsten og den følelsesmessige nerven som gjør romanen til en page turner.", skriv Heidi Sævareid på Barnebokkritikk.

Psykt forfatterbesøk! 28.04-09

Frå Østlendingen 25.04.09

For tida er Ingelin Røssland og Andreas Holt på turné i Hedmark og Sør Trøndelag med framsyninga Psykt Psprengt. Avisa Østlendingen var innom framsyninga for elevar ved Tynset ungdomsskole fredag 24. april.

Nye Engel Winge t-skjorter og vesker! 27.04-09

T-skjorte med hovudskallemotiv. Grrrr

I år som i fjor er det trykt opp eit eksklusivt lite opplag t-skjorter og tøyvesker med motiv frå bøkene om Engel Winge. Det er Karoline Strømme som står bak designet.

Ekte heltinne 27.04-09

Frå BT 27.04.2009

Bergens Tidende er først ute med å melda Englejakt. "Ho er uredd, sta og smart, og løyser gå­ter i kjend detektivstil", står det å lesa i BT.

Les om Englejakt i BT 20.04-09

Frå framsida på BT 20.04.09

I dagens Bergens Tidende (20.04.09) står det eit stort intervju med forfattaren Ingelin Røssland. Der kan du lesa om tankane bak bøkene om journalistspira frå Tysnes.

Følg Engel Winge på facebook 20.04-09

Sjekk ut Engel sin profil på Facebook

Engel føl med i tida, eller er kanskje litt seint ute!? Men det er i alle fall mulig å bli venn med henne på Facebook viss du vil bli meir kjent med henne. Der er det også eigne fan-sider for boka Englefjes

Gratis Monstertante! 15.04-09

Elevar på sjette og sjuande trinn over heile landet har fått tilsendt boksjekkar på gratis bøker i høve verdas bokdag 23. april. Monstertanta av Ingelin Røssland, er ei av bøkene dei kan velja.

© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv