Spørsmål og svar

Her kan du stille spørsmål til forfatteren. Hugs at spørsmål ikkje blir lagt ut før dei er godkjende!

Send inn spørsmål

Marte, 13, Florø (21.02-10)

hei

no har eg endeleg fått kjøpt boka "Handgranateple" den er kjempe bra eg har komt kjempe langt og det er heldigvis vinterferie og då har eg god tid til og lese :D og eg har litt  spørsmål og det er : har du nokon gong hat lyst og lage film av noken av bøkene dine '?. Holder du på med ei bok no.

Helsing Marte

Så kjekt at Handgranateple er lesestoff for deg i vinterferien. Det er fint å tenka på.

Om det skal bli film av bøkene mine, er opp til andre enn meg. Eg tenker mest på at det skal bli best mulig bok når eg skriv, og når boka er ferdig så er eg oftast godt i gang med neste bokprosjekt. Det er jo også sånn at når eg skriv så lagar eg meg ein film inni hovudet, så på den måten har alle bøkene mine begynt som film.

Eg held no på med siste bok om Engel Winge, Engleslakt, som kjem ut til hausten. Første utkast blir sendt i dag, så no ser eg over manus nokre timar før eg sender det til redaktøren min på Det Norske Samlaget.

Alt godt og ha ein fin vinterferie!

Ingelin

Benedichte , 17 (19.02-10)

 Hei!

Gleder meg til neste bok kommer, men jeg lurer på NÅR den kommer? April,mai,juni???

Skal du til Tysnes i sommer?

Hei!

Neste bok er forsinka og kjem ikkje ut før i september. Held på med dei siste kap no. Alltid stress på slutten, sjølv om eg har aldri så klare tankar om korleis eg vil det skal bli. Ja, eg skal nok til Tysnes i sommar, juni eller august. Skal du?

Ingelin

rikke (14.02-10)

hei:)

eg lurer på korleis du blei forfatter?

Hei Rikke!

Eg har alltid likt å både lesa bøker og å finna på historiar sjølv. Som 16-åring sendte eg inn ei novelle til ein konkuranse på forlaget Gyldendal. Novella som heiter I same båt finn du i novellesamlinga Svart salt og gule toner. Dette gav meg sjølvtillit, særlig sidan eg fekk med eit bidrag også året etter, den novella finn du i boka Saftbobler. Eg fekk lyst til å prøva å skriva ei bok, så eg begynte å skriva, fekk kontakt med eit forlag som var interessert og sånn fekk eg utgitt Viss du vil i 1998. Men ei bok åleine gjer ingen forfattar, det var først etter bok 3 at eg synest at eg var på god veg til å bli det.

Det er ingen kjappe løysingar, du må berre skriva og ikkje mista trua på at det går an.

Ingelin

Marte, 13, Florø (06.02-10)

hei

eg er veldig glad for at du kom på besøk til klassen vår:) liker  t-sjorta veldig godt, og har noken spørsmål : kordan er det å skrive bøker ? eg har altid hat lyst til det :) har du nokon tips til meg vist eg skal begynne å skrive bøker? ( då tenker eg på kordan dei bør vere?)

Helsing Marte

Hei!

Så bra du likte t-skjorta! Eg synest det var veldig kjekt å besøka klassen dykkar.

Det er fint å skriva bøker, sjølv om det ikkje alltid er like lett. "Yes, it's hard to write, but it's harder not to" Carl Van Doren.

Så viss ein ikkje kan la vera å skriva, så må ein berre gjera det. Når det er sagt, så er det mest gøy.

Den beste måten å læra å skriva bøker på, er å lesa masse bøker. Les og finn ut kva det er du likar, og gjerne kvifor du synest det er så bra? Eg synest også at noveller er ein fin ting å starta med. Øv deg på korte historiar først. Det å skriva noveller er ein kunst. Viss du først blir ordentlig god på det, så vil du mest sansynleg klara å fullføra eit romanprosjekt seinare.

Lykke til!

Ingelin

Tilde Sofie, 13, Florø (06.02-10)

 Hei! Vær så snill å svar!

Jeg elsker å skrive mine egne fortellinger. (den lengste er på 20 sider som som jeg skrev i 7. klasse)

Så jeg lurer på om du kan gi meg noen tips om forfatter-yrket.

Tusen tusen takk! Jeg synes det var veldig gøy å høre på når du kom i klassen vår : ) (8a)

: )

Hei, Tilde Sofie!

Det er bra at du likar å skriva eigen forteljingar, så du er nok på rett veg. Eg skreiv ingenting over 7-8 sider då eg var på din alder. Sidan eg skreiv for hand, blei det helst korte tekstar. Mitt einaste tips er at du skal halda fram med å skriva, det er ingen kjappe svar og løysingar. Les masse bøker, sjå film, les aviser, reis og skaff deg erfaringar.

Og som eg har svart litt lenger opp på sida, å begynna med noveller kan vera lurt. Noveller har merkeleg nok ikkje ein så høg status som romanar. Det er dumt, for ingenting er betre enn ordentlig bra noveller.

Lykke til

Ingelin

tronstad, 13, flora (03.02-10)

hei

Er det gøy å være forfattar?

Ja!

Nina (18.01-10)

hei.

når jeg lese replikker i bøker, er de ofte merket med to piler på hver side. Hvet du hvor de er å finne på tastaturet?

Siden jeg ikke finner dem, må jeg bruke bindestreker, men det hender ofte at den ene blir lengre enn den andre, og når jeg skal ha et avsnitt, kommer det automatisk en bindestrek...

Det er ulike måtar å formatera teksten din på.

Dette er det forlaga som ryddar opp i.

Bruk (sitatstrek) – replikk eller hermeteikn "replikk, bla, bla, bla"

Alt godt

Ingelin

Fanny (11.01-10)

hei igjen =)

Takk for svaret=) Men har det hendt at du ikke har funnet ut hva du skal skrive videre på flere dager?

 

Hei igjen!

Ja, det hender av og til at det går fleire dagar der eg står fast. Det kan kjennast heilt forferdelig!

 "A writer is somebody for whom writing is more difficult than it is for other people." Thomas Mann

Lykke til

Fanny (09.01-10)

hello=)

Har du en historie klar før du begynner å skrive eller finner du på hva som skal skje underveis?

Hva gjør du når du ikke klarer å skrive mer?

Hei Fanny!

Eg har i store trekk historia klar før eg begynner å skriva. Veit korleis historia skal starta, høgdepunkt/vendepunkt og har ganske klare tankar om korleis det heile skal slutta. Det er klart at ting kan skje på vegen, så alt er ikkje spikra frå start.

Når eg ikkje kan skriva meir, så spring eller går eg ein tur, tek ein liten lur eller høyrer på musikk. Det hjelper å ta ein liten pause.

Ingelin

kari (17.12-09)

hei

hva skal det stå i en prolog eller et forord? Skal det være et utdrag fra boken slik at det kommer igjen senere i boka?

Prolog er heilt unødvendig, med mindre det er noko du treng å fortelja før sjølve handlinga tek til. Å ha eit utdrag frå boka først, for så å ta det igjen seinare i boka er ikkje det same som eit forord. Det er meir eit slags frampeik, eller ein spaningsvekkar. I bøkene om Engel Winge har eg sånne små utdrag i starten av bokene som kjem igjen mot slutten av historia. Dei er meint å få lesaren hekta, og å lura på kva det er som skal skje.

Eg ville heller ha satsa på ein veldig bra start på boka/historia enn eit forord/prolog.

Alt godt

Ingelin

Viser spørsmål 1 til 10 av totalt 54 spørsmål Neste side Neste
© 2008 Det Norske Samlaget · Pb 4672 Sofienberg · 0506 Oslo · Jens Bjelkes gt. 12 · Tlf: 22 70 78 00 · Epost: det.norske @ samlaget.no
Heim Forfattaren Bøkene Karakterane Tysnes Forfattaren les Spørsmål og svar Nyhetsarkiv