Spørsmål og svar
Her kan du stille spørsmål til forfatteren. Hugs at spørsmål ikkje blir lagt ut før dei er godkjende!
silje vikene, 13, larsnes (18.05-10)
Kva fikk deg til å begynde å skrive bøker?
Hei og takk for spørsmål.
Det er nok fleire grunnar til at eg skriv bøker. For det første har eg alltid vore glad i å lesa bøker, vidare så har eg alltid likt å fortelja historiar. Ein annan viktig grunn er at eg likar å skriva, og eg oppdaga tidlig at eg var god til det. Eg fekk tilbakemeldingar på at språket mitt var bra og at eg hadde livlig fantasi.
Alt godt
Ingelin
Marte, 13 , florø (09.05-10)
hei i gjenn
håpar du liker at eg skriv til deg , hehe xD . Tysdag 25.mai har vi heildags prøve i norsk .har to før det . Norsk heildags gleder eg med faktisk til ,for halv dagen får vi skrive ei historie og eg lurer på om du har nokon tips til kva eg burde tenke på når eg skal skrive den historia ??
Helsing Marte
Hei igjen:-)
Mine 3 på topp skrivetips:
1. Skriv om noko du har greie på
2. Planlegg historia di. Start, høgdepunkt/vendepunkt og slutt.
3. Lev deg inn i dei personane du skriv om.
Lykke til!
Ingelin
silje vikene, 13 år, møre og romsdal 6084 Larsnes (08.05-10)
Hei !
Eg har ei oppgave i fordjupningsemne forfattarskap og eg skal skrive om boka monstertanta. Eg vil lese ei bok til kan du ambefale noko eg er ei jente som likar action og drama. Eg vil gjerne finne ut meir om deg, håpar på svar!
Hei, viss du liker action og drama, så er bøkene om Engel Winge noko for deg. Du finn meir ut om desse bøkene her på www.engelwinge.no. Det er også her at det står mest om meg som forfattar. Du kan også sjekka ut www.ingelin.no, der står det om alle bøkene eg har skrive. Stort sett er det ganske mykje som skjer i bøkene mine.
Alt godt
Ingelin
Marte og Trude , 13, Florø (07.05-10)
Hallo
no sitt vi her og lurer på eit par spørsmål :
- kva synst du om vulkanutbrotet på Island ?
- har du nokon gong tenkt å skrive ei bok om vulkanutbrot ?
i dag har vi hatt eit lite jordskjelv her i florø i rundt 20:00 tida :)
vi gleder oss til den nye boka du skriv kjem ut ;)
helsing Marte og Trude 8F
Ha, ha, det var fine spørsmål!
1. eg synest det er stilig at naturen tøffar seg.
2. Nei, men eg hadde sommarjobb på Island då eg var 17 år, så eg har tenkt at eg ein gong skulle skriva om å vera på Island.
Jordskjelv er litt tøft det også, så lenge det berre er eit lite koseskjelv.
Eg kom ut med ny bok i dag, den heiter Diana. Info om boka finn de her: Ikon Diana
Bli fan av Ikon på Facebook, der er det ein konkurranse der ein kan vinna boka om Diana eller andre spanande bøker frå serien IKON på Gyldendal.
Alt godt
Ingelin
Marte, 13, Florø (30.04-10)
Hei Ingelin
Ja no sitter eg her på bibloteket :) Måtte bare inn no i pausen og Lese <3 etterpå skal vi sminkast til musikalen ;) eg har alt komt til litt over 4 kapittel og elsker boka ! kordan kommer du på alt ? ( holder på å skrive min egen Historie ) Kor lang tid bruker du på å skrive ei bok ? ja no for eg fortsette og lese =) Før vi begynner å øve i gjenn .
Helsing Marte 8F
Hei!
At du snik deg inn på biblioteket for å lesa, varmar eit kvart forfattarhjarte:-)
Det som tek lengst tid er å pønska ut kva som skal stå i boka og korleis den skal byggast opp. Det vil seia dramaturgien. Arbeidet med ei bok tek normalt eit år, men eg har brukt opp til fire år.
Håpar musikalen gjekk bra.
Alt godt
Ingelin
Emelie , 14, Godøya - Ålesund (28.04-10)
Heia ")
Eg lurer på om du kan fortelje litt om korleis du blei forfattar. Er det vanskeleg, kan du gi meg nokon tips innan det å vere forfattar?
Mvh Emelie ") (lest boka monstertanta, kjempe bra bok!)
Hei igjen, Emilie!
Takk for at du likar boka Monstertanta, eg er i grunnen ganske nøgd med den. Eg likar å skriva om menneske som gjerne kan få vera litt fæle:-).
Eg blei forfattar fordi eg alltid har likt å lesa. Det å lesa mange bøker, er viktig for den som vil skriva sjølv. I tillegg så har eg alltid likt å fortelja historiar og å skriva ting sjølv. Eg begynte med å skriva dikt, tankar, eventyr og små skodespel. No i ettertid skulle eg ha ønska at eg hadde skrive dagbok då eg var yngre. Kanskje det ville gjort at eg hadde huska korleis det var å vera barn og ungdom litt betre? Eg veit ikkje.
Sjølv om det nokon gonger kan vera vanskeleg å skriva, så er det vanskelegare å la vera.
Det viktigaste er å ikkje gi opp. Du treng å vera uthaldande og tålmodig. Men løna er at du kan få eit yrke du kan ha heile livet. Det høyrest kanskje rart ut, men det eg aller helst vil oppnå er å kunna skriva bøker så lenge eg lever. Og eg vil gjerne bli kjempegammal, over 95 år!
Alt godt
Ingelin
Marte, 13, Florø (28.04-10)
Hei i gjenn :)
I Vinterferien leste eg boka Handgranateple den var kjempe gøy ! Så no har eg leid boka Englejakt så den skal eg lese framover =) på fredag 30.april skal eg vere med i skulemusikalen skal danse to danser og synge ( med eit par andre ) :)
Eg lurte på kass bøker du har skreve :)? elsker å lese !! <3 eg har lest 3 av bøkene dine ( ar du skreve meire enn det ? )
Helsing Marte i 8F ;)
Hei!
Så gøy at du likar bøkene mine, no blei eg glad. Sånne tilbakemeldingar betyr mykje. Her er ei oversikt over bøkene eg har skrive:
http://www.ingelin.no/bokene.htm
Rundt 20. mai kjem ei ny bok som heiter Diana. Den kan du lesa om her.
Og til hausten kjem tredje bok om Engel Winge, Engleslakt.
Lykke til på skulemusikalen, det blir sikkert topp!
Alt godt
Ingelin
Emelie, 14, Godøya - Ålesund (27.04-10)
Er det vanskeleg å skrive ned alle tankar?
Eg veit sjølv at eg har mange tankar, men eg får det ikkje like bra ned på papir. Er det slik med deg også?
Med vennleg helsing Emelie (-.-)
Hei!
Ja, det kan vera vanskeleg å skriva ned alle tankar. Eg får nok berre ned ein brøkdel av alt.
Viss det er ein tanke eller eit tema som stadig kjem tilbake, så er det nok fordi det er ekstra viktig. Derfor kan eg skriva same ting om og om igjen, til eg blir nøgd.
Nokon gong må eg sleppa ting frå meg som eg ikkje er heilt nøgd med. Det har enno ikkje hendt at eg synest at eg har skrive ei perfekt bok, heldigvis. Det er jo det eg har å strekka meg etter.
Takk for fint spørsmål.
Skriv godt og viktig!
Ingelin
Helga, 14 (30.03-10)
Hei! Eg kjøpte boka med både Kunsten å innhalera og Flyt i samme. Eg likte desse bøkene SÅ godt og kjenner meg utruleg godt igjen i Anette nokre gonger!
Men historia slutta så brått, og eg sitt igjen med null fantasi om kva som kan skje vidare med Anette. Har du tenkt å skrive ei bok til om Anette? Eg hadde i vertfall lese den.
mvh Helga
Takk for det! Det betyr utruleg mykje å få slike tilbakemeldingar.
Ja, det er ein open slutt, og Anette er vel der i livet at alt kan skje. Eg har vore inne på tanken om å skriva fleire bøker om Annette, men nett no held eg på å skriva ferdig siste bok om Engel Winge som kjem til hausten, og etter det ventar eit anna prosjekt. Nye bøker om Annette ligg altså ein del år fram i tid, men i mellomtida kan du jo lesa Handgranateple:-)
God påske
Ingelin
Vilde, 16, Ålgård (10.03-10)
Hei, likte boken om Englefjes veldig godt! Men eg lurer på ein ting. Kva vil du seia er temaet, budskapet og motive i boka om "Englefjes" ?
Mvh Vilde =)
Takk for det:-)
Forrige side