NRK tek litteratur for barn og ungdom på alvor. Dei lovar å følgja med og fortelja om dei viktigaste bøkene for barn og ungdom som kjem ut denne hausten. Veldig bra og veldig spanande. Hurra, NRK!
"I barne- og ungdomslitteraturen er det nyskapende tydelig til stede, men det nye med den får for liten kvalifisert oppmerksomhet. Det betyr at altfor mange bøker ikke når fram til sine lesere." skriv Dag Larsen i eit debattinnlegg i Dagsavisen
Lady Diana trudde livet skulle bli eit eventyr då ho berre 20 år gammal gifta seg med prins Charles. Det blei snarare ein såpeopera, med ein tragisk og blodig slutt. Diana er Ingelin Røssland sin debut som fagbokskribent.